Sotraplassen

Sotraplassen er den naturlege møteplassen og skal gje mange opplevingar for store og små. Her har du enkel tilkomst til alle fasilitetar som Sartor Storsenter inneheld.

Sotraplassen har maritimt inspirerte løysingar med granittbelegg i ulike typar, vasstrapp med granittelement, amfi, lysmaster i cortenstål og ei grøn øy med furutre midt på plassen. I tillegg troner Konglo som eit ikon for ein naturleg møteplass.

Her kan barn utfolde seg på eit område med fleire installasjonar som inspirerer til leik og moro.

Nivåforskjellane på Sotraplassen gir også rom for variert bruk, frå marknadsboder til intimkonsertar, eller heile plassen kan nyttast som amfi og konsertplass for 2000 menneske.