Skule og utdanning

I Fjell kommune er det to ungdomsskular og ein vidaregåande skule.

Fjell ungdomskule ligg på Bildøy og har 430 elever og 70 tilsette. Høgt fagleg nivå og tilpassa opplæring skal gi høve til personleg utvikling i eit miljø der alle tek ansvar for fellesskapet.

Sotra Vidaregåande skule ligg på Bildøy, rett attmed Fjell ungdomsskule. Denne skulen er ei av to avdelingar der den andre avdelinga ligg i Sund kommune. Til saman har dei 10 utdanningsprogram. Dei to avdelingane har om lag 940 elever og 160 tilsette.

Ved idrettsparken på Straume ligg Danielsen barne- og ungdomsskule. Dette er ein privat og kristen skule med 397 elevar og 60 tilsette. Dei ønskjer å være ein alternativ kristen friskule. Skulen har eigen godkjent fagplan der kristendomsfaget står sentralt.