Idrett & kultur

Sotra Kystby har eit mangfald av ulike tilbod innanfor idrett og kultur. Straume idrettspark er eit av landets finaste og mest moderne anlegg. Her finn du fleire kunstgrasbaner, ny innandørs fotballbane, sandbaner og Sotra Arena, ein ny fleirbrukshall. I tillegg finn du lysløyper for turgåarar i idyllisk natur.

 

Sotra Arena er «idrettens hus». Saman med fotballarena, turstiar og andre tilrettelagte aktivitetar, vil hallen utgjere eit kraftsenter for idrett og annan fysisk aktivitet.

Foto: Sotra SK 

Den etablerte lysløypa ved Straume Idrettspark som går rundt Skogavatnet og Ebbesvikvatnet er totalt på 3,4 kilometer. Stiane er 2 - 2,5 meter brede med grus og lys.


Ein rundtur rundt Skogavatnet er på 1 km, men turen rundt begge vatna på 3,0 km.

Foto: Sotra SK


Ran seglforeining har eit godt tilbod for seglinteresserte i Anglavika. Også på Geitvika og Råna er det gode forhold for friluftsliv. 


På Kolltveit har Sotra Golfklubb etablert ein komplett 9 hols golfbane.

Fjell kulturhus på rådhuset vert nytta av ulike lag og organisasjonar til eit breitt mangfald av kulturaktivitetar. 

Med Fjell kommune si satsing på kultur i kystbyen skal alle få høve til å finna seg ein aktivitet med kvalitet. Kystbyen skal bli ein sentral kulturmagnet med kulturelle nyskapingar.