Om Sotra Kystby

Sotra Kystby er namnet på det området på Straume og Bildøy i Fjell kommune som no er midt i ei omfattande byutvikling.

Ein kystby for framtida
Fjell kommune har over 500 øyer, holmar og skjer. No skal kommunen òg få ein eigen by, som også blir sentrum i Region vest. Den 16. juni 2011 vedtok Fjell kommunestyre samrøystes områdeplanen som ligg til grunn for utbygginga på og ved Sartor Storsenter, det som er sentrum i Sotra Kystby. Starten på utbygginga vart markert 8. juni 2012 då ordførar Eli Årdal Berland i Fjell kommune fyrte av ein symbolsk salve i det som skulle bli Kystbygarasjen. Over 1000 skuleelevar frå Fjell, Sund og Øygarden leverte teikningar av den ny kystbyen. Sotra Kystby blir ein by for framtida, med menneske i sentrum. Trivsel og estetikk skal prege den nye byen, og kystkulturen skal haldast i hevd. Sotra Kystby blir ein by utan like!

 

Fleire tusen nye bustader
Kystbyen dekker eit areal på 10.000 dekar, og vil få 5000-6000 nye bustader, eit heilt nytt bysentrum på Straume, og omfatte idrettspark, næringsareal, turområde, helseinstitusjonar, kulturhus og ei rekkje andre tilbod og aktivitetar. Den første bustadbygningen, Ankerhagen, stod ferdig i 2011 og Sartorgården vart teken i bruk i 2013. Bustadbygginga vil i åra fremover blir konsentrert om sentrum i Sotra Kystby og etter kvart også omfatte Straumssundet, midtre-Bildøy og Bildetangen lengst nord på Bildøy.

 

Sentrum i Sotra Kystby
Når utbygginga på og nær Sartor Storsenter er ferdig, vil Sotra Kystby utvikle seg mot nord og vest. I nord vil området mellom Sartor Storsenter og Fjell Rådhus blir bygt ut når det nye Sotrasambandet blir lagt i tunnel i dette området. Mot vest blir byen utvida mot Straumssundet og Bildøy.   Det nye bysentrumet vil i tillegg til handel, innehalde mykje næringsareal, eit breitt utval av helseinstitusjonar, ein stor idrettspark og eit flott turområde. Fleire leilegheitsbygg er tekne i bruk og nye blir lagt ut for sal med jamne mellomrom. Vidare finn du eit av Norges største handlesenter, Sartor Storsenter, med 170 virksomheter.

 

Kystbygarasjen

Kystbygarasjen er eit stort parkeringsanlegg under bakken med plass til 1500 bilar. Det er parkeringsområdet til Sartor Storsenter og alle andre som treng parkering i området. Kystbygarasjen er nøkkelen til utvikling av eit urbant bysentrum ved at bilparkeringa rundt senteret blir fjerna. Dette gir plass til breie gater med fortau og sykkelvegar, koselege gågater og opne møteplassar. I tillegg til kino, fleire butikkar, restaurantar, bustader, servicebygg og kontorareal. Med vidare utbygging over dagens riksveg 555 vil Fjell rådhus og helselandsbyen bli knytt tettare opp til handelsområdet i kystbyen.

Massane som vart tekne ut frå parkeringsanlegget i fjellet, er frakta i tunnel til Straumssundet. Her skal det lagast ein gågate og sykkelveg gjennom tunnelen inn til Kystbygarasjen. I Straumssundet skal det byggjast ca 250 bustader i sjøkanten og tilhøyrande kai- og småbåthamn.

 

Bydel på Bildetangen
Kystbyen vil strekke seg over til midtre-Bildøy og knytast til Bildøyhallen og Sotra vidaregåande skule. Nordover til Bildetangen er det mellom anna planlagt fleire tusen bustader. På Bildetangen, lengst nord på Bildøy, kan det også bli plass til hotell, kulturhus, næringsareal, kafear, parkar, småbåthamn og vrimleområde langs sjøen.

 

Straume idrettspark

Sotra Kystby har eit av landets flottaste idretts- og aktivitetsanlegg. I Straume Idrettspark er det mellom anna sett opp ny fleirbrukshall (Sotra Arena) og ein stor innandørs fotballhall – i tillegg til fleire fotballbanar ute, baner for sandhandball og 3,4 km turløyper.