I byggeperioden fram til juni i år, vil området blir stengt for gjennomgangstrafikk. Inngangen til Sartor Storsenter ved Nille vil vere open i periodar. Lettast tilkomst til senteret frå Grønamyrsvegen vil vere via tidligare Arkaden, ved Kid og Vice Capo frisørsalong. Frå plassen blir det også inngang til SF Kino Sotra og Sartor Storsenter. Grønaplassen er ein viktig plass i utforminga av sentrum i Sotra Kystby. Gågata deler Sartor Storsenter i to, med Grønaplassen i aust og Sotraplassen i vest. Grønaplassen skal stå ferdig 16. juni i år, samtidig med opningen av neste byggesteg i utviklinga av Sartor Storsenter.