Aktivitetar & opplevingar

Sotra Kystby inneheld ei rekke aktivitetar & opplevingar. Nedanfor finn du nokre av desse. Finn du ikkje det du leiter etter kan du prøve lenkene på høgre side. 

KJEMPEGØY.NO Sartor

KJEMPEGØY.no Sartor er eit aktivitetssenter for barn. 
Det koster kr 150,- å kome inn for barn i alderen 1-18 år. Billetten gjeld i 2 timar.
Voksen er gratis i følge med betalande barn. Barn under 10 år må ha med ein voksen. 

Les meir om KJEMPEGØY.no Sotra 

 

SF Kino Sotra

SF Kino Sotra er eit av Norges flottaste kinoanlegg med 600 sitteplassar fordelt på 5 salar, med det nyaste innan kinoteknologi og komfort. SF Kino AS, som står for drifta av kinoen på Sotra, er eit stort svensk kinoselskap. Det er også eit av Norges største kinoselskap med drift av kinoer i 8 norske byer.

Gå til SF Kino Sotra

 

Naturopplevingar

Foto: Gaute Hatlem

På Sotra er det mange flotte turområde. Det er også gode miljø for segling, kajakk, klatring, golf, fugletitting, dykking og andre friluftsaktivitetar. Ute i naturen kan du finne mange stader som ber preg av historiske hendingar, spesielt frå andre verds-krig. 

Meir om naturopplevingar

 

Julemarknad

I sentrum av Sotra Kystby er det etablert ein årleg Julemarknad i desember. Julemarknaden vart arrangert for første gong i desember 2014. Under Julemarknaden vert Sotraplassen fylt med eit mangfald av bodar, karusellar, julelys, julespel, nisseutstilling, julemusikk og mykje meir.

Sjå film frå Julemarknaden